SUPERLESAR-armband! Kva er det?
For å få utdelt det fyste Superlesar-armbandet, må du levere inn eit bokmerke (som du finn på biblioteket), kor du skriv ein kort bokmelding av fyste boka du les.
På bokmerket står to korte spørsmål: Kva likte du med boka? Og kva likte du ikkje med boka? Armband ein har EIN stjerne: Armbandet er eit tydeleg teikn på at du er med i årets Sommarles-konkurranse! Armband to har TO stjerner: Dette får alle Superduperlesarar, som har lest 10 bøker! Armband tre har TRE stjerner: Dette får alle Megasuperduperlesarar, som har lest 20 bøker! |